Norsk-Farmasihistorisk-selskap-logo
Norsk Farmasihistorisk Selskap
Meny
Bli medlem
Publisert her:
01/08-2025
Se flere artikler

«De Materia Medica» av Pedanius Dioskorides

Kan desse 2000 år gamle tekstane framleis ha noko fornuftig å fortelja oss?


Denne artikkelen er republisert fra Cygnus nr 21, 2014.
Av Bjarne Thune*

*Apotekareksamen i 1972. Provisor og informasjonsfarmasøyt ved Svaneapoteket i Bergen 1972 – 1977. Styrar ved Askøy filialapotek 1977–1982. Innehavar av Askøy apotek 1982–2002. Driftskonsesjonær ved Alliance Apotek Askøy 2002–2008. Adr.: Nubbebakken 14, 5022 Bergen.


For kring to tusen år sidan reiste Pedanius Dioskorides, militærlege i keisar Neros hær, gjennom store deler av det romerske riket. På sin veg samla han prøver av og kunnskapar om lokal medisin og medisinske remediar. Kring år 65 e.Kr. publiserte han De Materia Medica, «Om medisinske substansar», i fem bind. Omsett til diverse språk, både klassiske og moderne, og seinare supplert med kommentarar av kunnige folk frå Europa, Midt-Austen og India, var hans monumentale verk primærkjelda til kunnskap om urter og andre medisinske substansar i den vestlege sivilisasjonen og store delar av verda elles i meir enn 1500 år.

Bakgrunn og innleiing

Om vi skal kalla det store verket til Dioskorides botanikk, farmasi, farmakognosi, farmakologi, eller kanskje berre ei svært innhaldsrik urtebok, vert eit definisjonsspørsmål. Han skreiv verket sitt på gresk, men det vart raskt omsett til latin, arabisk og andre språk. De Materia Medica er hovudkjelda til det vi veit om kva for remediar som vart nytta av dei gamle grekarane, romarane og andre antikke kulturar. Ja, vi veit at han òg besøkte Egypt. Undertittelen til De Materia Medica er Om tillaging, eigenskapar og utprøving av droger.

Eg har samanlikna den tyske omsetjinga frå 1902 med moderne urtebøker frå mange land, men har valt ut to av dei til denne artikkelen, Jekka’s Complete Herb Book, av Jekka McVicar, London 2009, og Desk Reference to Nature’s Medicine, frå The National Geographic Society,Washington 2008.

Kva kan han fortelja vårt moderne samfunn om ein liten handfull utvalde medisinplanter og bruken av dei? Kan vi finna kunnskapar og fakta frå 2000 år attende som vi framleis må ta på alvor?

I denne artikkelen skal vi sjå nærare på: Kven var personen Pedanius Dioskorides? Kva er «De Materia Medica»?
Kva er «Der Wiener Dioskurides»?
Kven var Juliana Anicia?

Det vert ei samanlikning med dei moderne urtebøkene. Så rundar eg av med ei oppsummering og min personlege konklusjon.

Pedanius Dioskorides

Dei fleste kjelder er samde om at Dioskorides levde mellom år 40 og 90 etter Kristus. Enkelte hevdar at han må vera fødd tidlegare, kring år 20. Iallfall kan vi sjå på han som omtrent samtidig med Kristus. Han var fødd i Vesle-Asia i byen Anazarbius i dagens Tyrkia. Det moderne, tyrkiske namnet på byen er Anavarza som ligg heilt sør i landet, nær grensa til Syria.

Dioskorides reiste rundt i heile det greskromerske området, og samla inn alt han kom over av kunnskap om dåtidas aktuelle legemiddel. Dette kom med i hans svært omfattande verk «De Materia Medica».

De Materia Medica

I dette verket omtalar Pedanius Dioskorides meir enn 600 planter, 35 animalske og 90 mineralske produkt. Han vel å ikkje presentera materialet sitt alfabetisk, men ut frå eigenskapar. Seinare kopistar valde å rota til hans system, dei alfabetiserte innhaldet. Originalmanuskriptet var på gresk og utan illustrasjonar. Nokre få av plantene har det i ettertid vore vanskeleg å kunna identifisera heilt eintydig ut frå opplysningane forfattaren har gitt, elles er det meste av plantematerialet velkjent, også i vår tid.

Bok I tek for seg krydder, oljar, salvar, tre og busker (sevje, harpiks, gummi og frukt). Han skildrar korleis ein kan utvinna feite oljar som olivenolje, sesamolje og mandelolje – og korleis ein kan framstilla den svært kostbare rosenoljen.

Bok II omtalar dyr og dyreprodukt, korn, ymse nytteplanter som bønner og erter, kål og lin, også såkalla «skarpe» urter, som ulike sortar løk, sennep, pepar, ingefær og kapers. Her finn vi omtale av spesielle medisinske produkt som «spansk fluge», bevergjel, ormefeitt og skorpionar, men òg meir daglegdagse råvarer som egg og mjølk.

Bok III har omtale av røter, ymse plantesafter, urter og frø. Nokre døme er rabarbra, søterot, madonnalilje og gul daglilje, lakris, aloe, tragant, rosmarin, ekte malurt, dill, persille, fennikel og koriander, misteltein og hamp (cannabis).

I bok IV tek han for seg urter og røter som ikkje er tekne med i dei tidlegare bøkene. Her finn vi dei giftige artene i søtvierfamilien, bulmeurt, piggeple, belladonnaurt og alrune. Han peikar på at desse fire stort sett har lik verknad på mennesket, dei er «avkjølande» og roande, ja, inntil det dødelege. Alrune kan brukast før kirurgiske inngrep, og i små dosar kan dei alle fire brukast ved øyre- og hovudverk og ved sterke giktsmerter.

Bok V skildrar vinar og diverse mineral. Vinar har ulik verknad ut frå alder, farge og druesort, opphavsstad og -land. Det er stor skilnad på vinar frå Lesbos og Chios, frå Italia og Albania. Han omtalar òg ferskvatn, frå elvar og innsjøar, og regnvatn. Sjøvatn er varmt og skarpt og dårleg for magen, men lagt på som eit omslag på eit sår, «trekkjer det ut og løyser opp», og som eit lunka klyster er det svært effektivt.

Kven skreiv han for? Truleg mest for sin eigen del, for å ha kunnskapen samla, men òg for sine kollegaer og kanskje for alle som i det heile kunne lesa? På det tidspunkt galdt det truleg berre ein høgt utdanna elite.

Framside av bind I av Der Wiener Dioskurides i faksimileutgåve frå 1998. (Privat foto.)
Framside av bind I av Der Wiener Dioskurides i faksimileutgåve frå 1998. (Privat foto.)

At Dioskorides store verk på mange måtar er tidlaust, kjem nok av at det var resultatet av empiri gjennom generasjonar, basert på prøving og feiling, dyrkjøpte erfaringar og observasjonar tekne med i minnebanken og spreidde vidare til alle med behov og interesse for slik kunnskap. Det heldt stillinga som den mest framståande opplysningskjelda på

dette området i over 1500 år. Manuskriptet vert rekna som ein forløpar for dei seinare farmakopéane. Det vart snart kopiert, sjølvsagt for hand, og omsett til diverse andre tungemål, først latin og arabisk, og med tida utstyrt med meir eller mindre vellukka illustrasjonar.

«Der Wiener Dioskurides»

Den eldste, fullstendige avskrifta som framleis eksisterer av De Materia Medica er det praktfullt utstyrde, bysantiske manuskriptet, frå kring år 512, som i dag vert kalla «Der Wiener Dioskurides». Det finn vi i Nasjonalbiblioteket i Wien.

I 1998 og -99 vart det utgitt ei to binds faksimileutgåve av dette verket. I vårt hushald er vi heldige eigarar av ei av desse faksimileutgåvene. Det eksisterer framleis ei handfull andre avskrifter kring i verda, men ingen av desse kan konkurrera i alder eller rikt utstyr.

Framside av bind II av DerWiener Dioskurides i faksimileutgåve frå 1999. (Privat foto.)
Framside av bind II av DerWiener Dioskurides i faksimileutgåve frå 1999. (Privat foto.)

Der Wiener Dioskurides vandra mellom hendene til mange eigarar og vart supplert med plantenamna på arabisk, tyrkisk (etter 1453) og hebraisk (frå tida då den jødiske livlegen til sultan Süleiman den storslegne var eigar). Manuskriptet kom til Wien i 1569. Det vart kjøpt frå den tyrkiske sultanens lege av keisar Maximillian II og hamna i det keisarlege bibliotek i 1592. I 1997 kom det med på UNESCOs verdsarvliste.

Marmorbyste som i dag finst i samlingane til The New York Metropolitan Museum of Art og som etter tradisjonen skal vera ei framstilling av prinsesse Juliana Anicia. (Foto: Fabian Zubia.)
Marmorbyste som i dag finst i samlingane til The New York Metropolitan Museum of Art og som etter tradisjonen skal vera ei framstilling av prinsesse Juliana Anicia. (Foto: Fabian Zubia.)
Hyllingsbilete frå Der Wiener Dioskurides med dedikasjonstekst til prinsesse Juliana Anicia. (Privat foto frå faksimileutgåva.)
Hyllingsbilete frå Der Wiener Dioskurides med dedikasjonstekst til prinsesse Juliana Anicia. (Privat foto frå faksimileutgåva.)

Juliana Anicia

Manuskriptet var laga som ei gåve frå kyrkjelyden til den tyrkiske prinsessa Juliana Anicia, kring år 512, etter at ho hadde stått for reisinga av Polyeuktos-kyrkja i Konstantinopel. I manuskriptet som òg lyder namnet «Codex Anicia Juliana», er det ein dedikasjonstekst og eit bilete til hennar pris.

Teksten er skriven langs sidene av det åttekanta biletet og er knapt synleg utan ekstra hjelpemiddel.

Dedikasjonen til Juliana Anicia
Først i engelsk omsetjing av B. Kiilerich:
Hail, oh Princess.
Honoratae extols and glorifies you with all fine praises:
for Magnanimity allows you to be mentioned over the entire world.
You belong to the family of the Anicii, and you have built a temple of the Lord, raised high and beautiful.

I dansk omsetjing, også ved Kiilerich:

«Hill dig prinsesse.
Beboerne i Honoratai ærer og priser dig med den største ro
for din gavmildhed (megalopsychia) gør dig berømt overalt på jorden.
Du tilhører Anicia familien, og har bygget et stort og smukt tempel til Herren.»

Reint kunsthistorisk er det dei seks første blada i Der Wiener Dioskurides som er dei mest interessante. Der finn vi særlege biletframstillingar til ære for prinsessa. To spesielle blad viser grupper med «7 vise», det eine vigd til «legane», det andre til «farmasøytane».

Detaljar frå dei sju «farmasøytane» viser Galen (ca. år 120 – ca. år 200) i midten med Dioskorides til høgre for seg. Dei andre er òg identifiserte, men namna deira er vortne meir utviska gjennom åra, kanskje med unntak av Nicander. Figuren med slangen under Galen framstiller han.

Han levde i det andre hundreåret etter Kristus og var ein stor kapasitet innan språk- og legemiddelvitskap. Hans avhandling om slangebit er truleg bakgrunnen for at han er avbilda med ein slange. Nicander er nemnd litt seinare i denne artikkelen i samband med «bonustekstar» i Codex Anicia Juliana.

Galen øvst i midten, saman dei andre «farmasøytane». Til høgre for Galen sit Dioskorides. Nicander er avbilda med ein slange. (Privat foto frå faksimileutgåva.)
Galen øvst i midten, saman dei andre «farmasøytane». Til høgre for Galen sit Dioskorides. Nicander er avbilda med ein slange. (Privat foto frå faksimileutgåva.)
Dioskorides tek imot alrunen. Legg merke til liket av hunden som drog opp alrunen. (Privat foto frå faksimileutgåva.)
Dioskorides tek imot alrunen. Legg merke til liket av hunden som drog opp alrunen. (Privat foto frå faksimileutgåva.)

Alrunen

To av dei første boksidene viser Dioskorides som tek mot alrunen, og vi ser liket av hunden som ikkje overlevde den risikable jobben med å dra opp rota. Etter segna gjev alrunen frå seg eit så fælsleg skrik om ein prøver dra han opp at både dyr og menneske rett og slett kan døy av det. Då er det betre å ofra ein hund som til vanleg lett kan erstattast.

Den neste biletframstillinga viser alrunen medan han vert skildra av Dioskorides.

Frå Dioskorides sin omtale av alrune saksar vi, først i engelsk omsetjing, og så mi heilt private omsetjing til norsk:

….for those who cannot sleep, or are seriously injured, and whom they wish to anaesthetize to cut or cauterize….

….for dei som ikkje kan sova, eller er alvorleg skadde, og den som dei ynskjer å bedøva for å skjera eller sårbrenna….

….but when too much is taken it kills.

….men når ein tek for mykje, drep han (alrunen).

It is mixed with eye medicines, medications to ease pain and softening suppositories.

Han vert blanda med augnemedisin, smertelindrande medikament og mjukgjerande stikkpillar.

Bonustekstar
I «Der Wiener Dioskurides», også kalla «Codex Anicia Juliana» er De Materia Medica supplert med fem andre tekstar, mellom dei Theriaca og Alexipharmaca av Nicander og Ornithiaca av Dionysus av Philadelphia, som skildrar kring 40 fuglar frå området.

Theriaca og alexipharmaca kan omsetjast med universalmiddel og motgifter, medan ornithiaca må kunna kallast medikament frå fugleverda.

Kuriøse substansar og medisinske råd
De Materia Medica inneheld sjølvsagt òg ein god del substansar vi i dag ikkje vil ta på alvor som medisinske. Døme er både human og animalsk urin, tilsvarande utval av avføring, også galle, beinmerg og blod, sjølv om iallfall dei to siste nok må reknast som viktige substansar også i vår tids medisin.

Fersk kuskit minskar risikoen for sårinflammasjonar.
Ja, slik står det. Men les vi vidare, ser vi at: Den skal lunkast i varm oske, pakkast inn i reint lauv og leggast på såret. Då er det kanskje ikkje så heilt bort i natta likevel? Vi veit at varme omslag aukar blodstraumen i området som vert oppvarma, og når ein brukar rein emballasje unngår ein å ureina såret. Lagt på på same måten, som varmt omslag, kan isjias lindrast, står det etterpå.

Så til eit par sitat vi nok kan gjera våre tankar kring:

Om ei kvinne inhalerer røyken frå brennande avføring frå fe av hankjønn, vil ei nedfallen livmor dra seg oppatt. Denne røyken driv òg bort mygg og knott. I våre dagar har vi kanskje mest tru på det siste.

Geiteperlar, særleg frå fjellgeit, tekne inn i godt krydra drikke, set i gong menstruasjonen og er abortframkallande.

Dueskit, blanda med eddik, modnar og sprengjer svullar.

Muselort, gjeven som stikkpillar til born, får tarmane til å tømmast.

Om ein nippar til urinen frå ein høgmoralsk, ung mann, gjer det godt mot astma. Kokt i eit messingkar, saman med honning, reinsar urinen arret på eit grodd sår og betrar eit dimt syn.

Hundeblod verkar som motgift om ein vert biten av ein galen hund.

Ingen med sunn fornuft i behald ville vel i dag prøva nokre av desse medisinske råda, men vi må ha i minnet kva tid dei vart nedteikna i og kva kunnskapar som då kan ha vore tilgjengelege på området.

De Materia Medica
5-binds verket til Dioskorides er vorte kalla både medisinsk handbok, urtebok og flora. Innhaldet er karakterisert som medisin, farmasi, farmakognosi og farmakologi. Forfattaren er lege, farmasøyt eller farmakolog, alt etter kva samanheng han vert nemnd i og kven det er som omtalar han.
Kanskje kan vi semjast om at verket hans er ei nær 2000 år gammal urtebok med ymse tillegg?

Kva finn vi så av liknande litteratur i dag?
Svaret må bli at det er eit heilt utruleg mangfald! Urter og medisinplanter er «in» både her i landet og elles, og utvalet av litteratur er deretter, men få og ingen av dei moderne urtebøkene har det same omfanget som De Materia Medica.

Eg har valt ut to av mine favorittar, svært ulike, men lesne av millionar i heile den engelsklesande verda: Jekka’s Complete Herb Book, London 2009 og Desk Reference to Nature’s Medicine, skriven av Steven Foster og Rebecca L. Johnson for The National Geographic Society,Washington 2008.

Jekka McVicar, sitat frå den engelske Wikipedia-biografien: Jessica «Jekka» McVicar is an English organic gardening expert, author and broadcaster, particularly on the cultivation and use of herbs. She has published several successful books, also in association with the Royal Horticultural Society. She is also well known for her appearances on TV and radio, on gardening, herbs and cookery. She is a member of the RHS and its Fruit, Vegetable and Herb Committee.

Jekka (Jessica) McVicar. Britisk urteguru med diverse bøker, radio- og TVprogram om urter, urtebruk og -dyrking. (Privat foto 21.05.11, Bjarne Thune.)
Jekka (Jessica) McVicar. Britisk urteguru med diverse bøker, radio- og TVprogram om urter, urtebruk og -dyrking. (Privat foto 21.05.11, Bjarne Thune.)
Jekka’s Complete Herb Book, Jekka McVicar, London 2009. (Privat foto.)
Jekka’s Complete Herb Book, Jekka McVicar, London 2009. (Privat foto.)

National Geographic Society,

sitat frå den engelske Wikipedia-omtalen: The National Geographic Society (NGS) headquartered in Washington, USA, is one of the largest non-profit scientific and educational institutions in the world. Its interests include geography, archaeology and natural science, the promotion of environmental and historical conservation, and the study of world culture and history.

Omsetjingar vi kan tileigna oss av De Materia Medica

De Materia Medica vart omsett til engelsk først i 1655, men ikkje publisert før i 1934, då i modernisert og ajourførd utgåve ved R. T. Gunther. Denne versjonen er tilgjengeleg på internett.

Verket vart på nytt omsett til engelsk i Sør- Afrika av Tess Anne Osbaldeston i år 2000. Denne utgåva er å finna på nettet, men kan òg kjøpast i bokform for 500 Euro(!).

De Materia Medica vart sist omsett til tysk i 1902. Denne omsetjinga fylgjer plantene i faksimileutgåva av «Der Wiener Dioskurides», difor er det òg at eg har valt å bruka denne.

Fram- og bakside av National Geographic Society’s Desk Reference to Nature’s Medicine. S. Foster & R.L. Johnson, Washington 2008. (Privat foto.)
Fram- og bakside av National Geographic Society’s Desk Reference to Nature’s Medicine. S. Foster & R.L. Johnson, Washington 2008. (Privat foto.)
Glychyrriza glabra, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Glychyrriza glabra, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Glychyrriza glabra med den greske teksten, Wiener
Dioskurides, 512 (?)
Glychyrriza glabra med den greske teksten, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Glychyrriza glabra, H.A. Köhlers Medizinal- Pflanzen, 1887.
Glychyrriza glabra, H.A. Köhlers Medizinal- Pflanzen, 1887.

Glychyrriza glabra – lakris

Glukoriza (Glycyrrhiza glabra), frå den engelske 1655-omsetjinga:
…It is good for ye burning of ye stomach & for ye griefs in ye thorax, & ye liver, & for ye scabies vesicae, & kidney griefs.
Being dranck with Passum, & melted in ye mouth it is a quencher of thirst, & healer of wounds being anointed about, & being chewed it is good for ye stomach, & ye decoction of new roots is good for ye same. But ye dry root being beaten small is a fit sprinkling for ye Pterygia…

Glukoriza (Glycyrrhiza glabra), Frå Osbaldestons omsetjing til moderne engelsk i år 2000:
…It is good for burning of the stomach, disorders in the chest and liver, parasitic skin diseases, and bladder or kidney disorders.

Taken with a drink of passum (raisin wine) and melted in the mouth it quenches thirst. Rubbed on, it heals wounds; and chewed, it is good for the same things.
The dry root pounded into small pieces is fit for sprinkling on pterygium (membrane on eye)…

Tysk tekst til teikningen av lakrisplanta i «Der Wiener Dioskurides»:
Süssholz.
Wirkungen: Saft gegen Rauheit der Luftröhre; Mittel gegen Magenbrennen, Brustund Leberleiden; mit süssen Wein getrunken bei Blasenkrätze und Nierenleiden.
Salbe für Wunden.
Hilfe bei Mundkrankheiten.

Privat omsetjing:
Lakris.
Verknad: Plantesaft mot sår og ru luftrøyr; Middel mot brenning i magen, bryst- og leverlidingar;
Med søt vin ved blæremurring og nyreplager. Salve til sår.
Hjelper ved sjukdom i munnen.

Når vi samanliknar desse utgåvene av i utgangspunktet same teksten, kan det sjå ut til at dei har gått gjennom ei form for redigering.
Det er vel rimeleg å rekna med at ein omsetjar tek omsyn til lesarane sine ut frå den tida dei lever i, stryk litt her og forklarar litt der. Det vert mest som ei omsetjing av Bibelen. Sjølv om det nok kunne vera ynskeleg, er det få av oss som er i stand til å gå attende til originaltekstane, ja, knapt nok omsetjaren.
Kvar Dioskorides sin originaltekst vart av, er det vel ingen som i dag torer å ha noko bastant meining om.
Diverse omsetjarar har gjennom tidene sett sitt preg på både språk og innhald, og gjerne berre bygd vidare på tidlegare omsetjingar av vekslande kvalitet.

Allium sativum, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Allium sativum, Wiener Dioskurides, 512 (?)

Jekka McVicar om lakris, privat omsetjing til norsk:

Åtvaring:
Store lakrisdosar kan medføra biverknader, særleg hovudverk, høgt blodtrykk og væskeopphoping!

Lakris vert brukt anten for å maskera mindre god medisinsmak eller på grunn av sin eigen lindrande verknad.

Middel ved forkjøling, sår hals og luftrøyrskatarr. Mildt avførande, senkar magesyrenivået. Kan få magesår til å gro, lettar tarmspasmar. Aukar utskiljing av galle.

Allium sativum, W. Woodville, Medicinal Botany, 1790–93.
Allium sativum, W. Woodville, Medicinal Botany, 1790–93.

National Geographic om lakris, privat omsetjing:

Åtvaring:

Overdriven, langvarig bruk av lakris kan føra til væskeopphoping, høgt blodtrykk og andre komplikasjonar. Medisinsk bruk av lakris bør vera administrert av kvalifisert helsepersonell.

Lakris vert framleis verdsett for si evne til å lindra hoste og sår hals.
God verknad ved inflammasjonar i slimhinner, ved astma og andre problem med tette lunger og bronkiar. Også brukt ved ymse mageplager, ved sårtilstandar i mage og tarm, ved ulike blære- og nyreplager. Lakris vert òg nytta ved sår og irritert hud, ved solskadar og insektbit og er mildt avførande.

Allium sativum – kvitløk

Dioskorides om Allium sativum:

Knoblauch.
Wirkungen: Erweichend;Winde treibend;
Den Bauch anregend; den Magen trocknend; Durst erzeugend.
Treibt Bandwürmer aus; harnanregend.
Mittel gegen Husten, Ausschlag, Wanzen, Läuse, Zahnschmerzen.
Sitzbad zur Beförderung der Menstruation und der Nachgeburt.

Kvitløk.
Verknader: Mjukgjerande;
driv vindar; stimulerer buken;
tørkar ut magen; skapar tørst;
driv ut bandormar:
stimulerer urinen;
middel mot hoste, utslett, veggelus og lus,
og mot tannverk. Sitjebad for å kalla fram menstruasjon og etterbyrd.

Jekka McVicar om kvitløk:

Inga åtvaring mot kvitløk.
Kvitløk har vist seg å kunna redusera blodsukker og blodtrykk, og kan truleg vera med på å førebyggja hjerneslag.
Effektiv mot soppinfeksjonar, kan òg driva ut innvolsparasittar.
Førsteklasses styrkemiddel for matmeltinga, også brukt mot tannverk, øyreverk, hoste og forkjøling.
Kan brukast direkte på insektbit, byllar og frostskader der det ikkje er hol på huda.
Kan medføra allergisk utslett ved for langvarig, lokal bruk.

National Geographic om kvitløk:

Inga åtvaring mot kvitløk.
Brukt utvortes og innvortes mot bakterie-, virus- og soppinfeksjonar.
Lindrar tett nase og betrar tilstanden ved forkjøling og diverse andre sjukdommar knytte til andingsorgana.
Fremjar blodsirkulasjonen og kan truleg førebyggja hjarteinfarkt, blodpropp og hjerneslag. Senkar blodsukkernivået og kan syna seg å vera nyttig i samband med diabetes.

Hypericum perforatum, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Hypericum perforatum, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Hypericum perforatum, Bilder ur Nordens Flora, C. A. M. Lindman, 1901–05.
Hypericum perforatum, Bilder ur Nordens Flora, C. A. M. Lindman, 1901–05.

Artemisia absinthium – malurt

Dioskorides, om artemisia absinthium:

Wermut,Absinth. Wirkungen: erwärmend; adstringierend; harntreibend; die Verdauungsorgane reinigend; gegen Blähungen, Magen- und Bauchschmerzen; gegen Gifte, mehrfach als Aufguss und Umschlag verwendbar; Gesundheitstrank.

Malurt,  absint. Verknader: varmande, samandragande; vassdrivande; reinsar meltingsorgana; mot flatulens, mage- og buksmerter; mot gift, nyttig til overflatereinsing og til omslag; helsedrikk.

Jekka McVicar om malurt:

Åtvaring:
Må ikkje takast inn utan medisinsk tilsyn.
Hyppig bruk forårsakar skjelving, uro og oppkast.
Overdose medfører ørske, krampe, forgifting og delirium.
Rein malurtolje er ei sterk gift!

Malurt driv ut innvolsormar, spesielt rund- og trådormar.

Kan brukast til å halda møll og andre skadeinsekt borte frå klede.
Lukta er skarp og forfriskande og heng ikkje ved tekstila slik som møllkuler og kamfer.

National Geographic om malurt:

Åtvaring:
Malurt kan vera toksisk!

Malurt kan berre brukast innvortes i små dosar og under streng overvaking av kvalifisert helsepersonell.
Moderne urtepreparat av malurt vert brukte ved diverse magetilstandar og meltingsproblem.
Stimulerer produksjonen av magesyre og galle.
Ingrediens i omslag til sårskadar, forstuvingar og insektbit for å unngå opphovning og inflammasjon.
Er mildt antidepressiv og appetittstimulerande og vert stundom nytta ved ymse problem knytte til matinntak som t.d. anorexia nervosa.

Papaver somniferum, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Papaver somniferum, Wiener Dioskurides, 512 (?)

Hypericum perforatum – prikkperikum

Dioskorides om prikkperikum:

Durchstossendes Hartheu.
Wirkungen:
die Frucht, mit Honigwasser getrunken ist wirksam bei Ischias, führt gallige Unreinigkeit ab. Umschlag bei Brandwunden.

Prikkperikum.
Verknad:
Frukta, tatt inn saman med honningvatn er verksam ved Isjias, leiar bort ureiningar frå gallen. Omslag ved brannsår.

Jekka McVicar om prikkperikum:

Åtvaring:
Prikkperikum har i enkelte tilfelle forgifta buskap. Bruk av prikkperikum gjer huda meir kjenslevar for lys. Uttrekk av prikkperikumblomster i vegetabilsk olje, brukt utvortes, kan lindre neuralgi og isjias, smertefulle åreknutar, sår hud og solforbrenning.

Må berre brukast innvortes under medisinsk tilsyn.

National Geographic om prikkperikum:

Åtvaring:
Bruk av prikkperikum kan auka fotosensitiviteten og kan medføra dermatitt, inflammasjon i slimhinner og meir toksiske reaksjonar.

I moderne urtemedisin vert prikkperikum sett på som eit av dei beste antidepressive middel naturen har å tilby.

Vert brukt for å lindra angst, nervøs spenning, søvnløyse, årstidsplager og depresjon.
Vert òg nytta i samband med plager i menopausen, ved PMS, herpes zoster, ved problem med blærekontroll og for smerte og inflammasjon forårsaka av nerveskade.

Nyleg er det oppdaga at prikkperikum er ein svært potent virushemmar.

Papaver somniferum, H.A. Köhlers Medizinal-Pflanzen, 1887.
Papaver somniferum, H.A. Köhlers Medizinal-Pflanzen, 1887.
Salvia officinalis, Wiener Dioskurides, 512 (?)
Salvia officinalis, Wiener Dioskurides, 512 (?)

Papaver somniferum – opiumsvalmue

Dioskorides om papaver somniferum:

Schlafmohn.
Wirkungen: Schlafmittel aus Blättern und Köpfen.
Kataplasma bei Rose und Geschwülsten. Schmerzstillendes Leckmittel aus dem Köpfchen. Same als Trank gegen Bauchfluss und Fluss der Frau.
Saft schmerzstillend, schlafmachend. Verdauung befördernd.
Mittel bei Kopf-, Ohrenund Augenleiden. Überdosis tödlich!

Opiumsvalmue.

Verknader: Sovemiddel frå blad og frøkapslar. Omslag ved rosen (erysipelas) og svullar.
Smertestillande slikkemiddel frå frøkapslane. Frø tekne inn mot diaré og kvinners utflod. Plantesafta er smertestillande og søvnframkallande.
Stimulerer matmeltinga.
Middel ved hovud, øyre- og augelidingar. Overdose er dødeleg!

Jekka McVicar om opiumsvalmue:

Åtvaring:
Alle deler av opiumsvalmuen, unntatt frøa, er farlege og bør berre brukast under kontroll og oppsyn av trena helsepersonell.

Dei umodne frøkapslane av opiumsvalmuen vert nytta som råstoff for produksjon av morfin og kodein.

Oljen frå frøa til opiumsvalmuen vert ikkje berre nytta til salatolje og til anna matlaging, men òg som lampeolje og til lakkproduksjon.

National Geographic om opiumsvalmue:

Åtvaring:
Med unntak av frøa er alle deler av Papaver somniferum og andre papaverartar toksiske om dei vert etne.

Opium inneheld 26 alkaloid.
Framleis er vel morfin den mest effektive smertelindrande substansen som er kjend innan medisinen.
Morfin påverkar dei sensoriske nervecellene i hjernen og blokkerar smertemeldingane.
Morfin stimulerer ved å binde seg til endorfinreseptorane i hjernen, noko som fører til ei euforisk kjensle og eliminering av angst og uro.

Salvia officinalis, H.A. Köhlers Medizinal-Pflanzen, 1887.
Salvia officinalis, H.A. Köhlers Medizinal-Pflanzen, 1887.

Salvia officinalis – salvie

Dioskorides om salvie:

Salbei.
Wirkungen:Abkochung treibt Harn, Zieht Katamenien und Embryo heraus. Färbt Haare schwarz. Wundmittel.

Salvie.
Verknad: avkok driv urinen; Dreg fram menstruasjon og Embryo. Fargar håret svart. Sårmiddel.

Jekka McVicar om salvie:

Åtvaring:
Langvarig eller overdriven bruk av salvie kan forårsaka forgiftingssymptom. Om du drikk salviete meir enn ei veke eller to i strekk, kan dei sterke antiseptiske eigenskapane potensielt medføra ein toksisk reaksjon.

Salvie er eit førsteklasses middel ved forkjøling, drukke som varm te. Salviete med litt eplesidereddik utgjer eit ypparleg gurglemiddel ved sår hals, halsinfeksjon og betente mandlar. Salvie gjer også godt ved betent tannkjøt og munnsår.

National Geographic om salvie:

Åtvaring:
Salvie vert rapportert å setja ned mjølkeproduksjonen og er ikkje tilrådd brukt medisinsk av ammande eller gravide.I krydderdose vert salvie rekna som trygg å bruka for alle.

I Asia er salvie eit mykje brukt middel mot hemoroidar, blod i urinen, overskot av brystmjølk, væske i bukhola, søvnløyse, hepatitt og mykje meir.

I Tyskland tek ein salvie mot forkjøling, tette luftvegar og feber.
I USA vert salvie oppfatta som eit middel mot sveittetokter og østrogentap, så vel som eit generelt remedium mot trøyttleik og slitne nervar, til å styrkja immunapparatet og for å få eit betre minne.

Eventuelle mistydingar i mi private omsetjing av engelske og tyske tekstar tek eg fullt og heilt på meg og bed om forståing for min manglande kunnskap.

Oppsummering og konklusjon

Det må først og fremst vera opp til lesaren å gjera opp si eiga meining og dra sin eigen konklusjon.

Dioskorides kan etter mi meining vera imponerande «moderne» og ofte forbausande «up to date» om vi ser bort frå dei meir «spesielle» substansane.

Mykje av visdomen hans er framleis relevant. Tek vi omsyn til kva som kan ha vore kjent om menneskekroppen, om prosessane som går føre seg i kroppen, om sjukdom og sjukdomsårsaker, smitte, infeksjonar og diagnosar for 2000 år sidan, kan vi ikkje anna enn å la oss imponera!

Dioskorides må vi ta på alvor, også i vår tid. Han kan framleis gje oss gode råd etter 2000 år, men: Vi som ikkje les gammalgresk lyt lita på ei god omsetjing.

Samandrag

Den greskfødde legen Pedanius Dioskorides, som reiste rundt i det meste av Romarriket med keisar Neros hær, samla for kring to tusen år sidan prøver av og kunnskapar om lokale medisinplanter og andre medisinske remediar i dette området.

Kring år 65 e. Kr publiserte han det han hadde samla inn i De Materia Medica, «Om medisinske substansar», i fem bind.

Han skreiv verket sitt på gresk, men det vart seinare omsett til latin, arabisk og mange andre språk, både antikke og moderne, og vart ved seinare avskrifter og omsetjingar supplert med illustrasjonar og kommentarar av kunnige personar frå Europa, Midt-Austen og India. Det var hovudkjelda til kunnskap om medisinplanter og andre medisinske substansar i den vestlege sivilisasjonen og truleg i verdshistoria i over 1500 år.

I vår familie er vi heldige eigarar av ein fotokopi av ei av desse avskriftene, nemleg Der Wiener Dioskurides, godt teken vare på i Det austerrikske nasjonalbiblioteket.

Codex Anicia Juliana er eit anna namn på dette spesialdesigna, rikt utstyrde handskriftet, oppkalla etter den første eigaren.

I eit forsøk på å finna likskapar og ulikskapar, har eg samanlikna den tyske omsetjinga frå 1902 med moderne urtebøker frå mange land, men har valt ut to av dei til denne artikkelen, Jekka’s Complete Herb Book, av Jekka McVicar, London 2009, og Desk Reference to nature’s Medicine, utgitt av The National Geographic Society, Washington 2008.

Kva kan Dioskorides ha å fortelja vårt moderne samfunn om ein utvald handfull medisinplanter og bruken av dei? Kan vi koma fram til at kunnskap og fakta frå 2000 år attende i tida framleis må takast alvorleg? Når vi tenkjer over kva som kan ha vore kjent om menneskekroppen, sjukdom og sjukdomsårsaker på hans tid, bør vi la oss imponere.

Etter 2000 år er det stadig bryet verdt å lytta til Dioskorides.

Dioscorea alata, purpurjams. (Privat foto Kew gardens,
London 2011, Bjarne Thune.)
Dioscorea alata, purpurjams. (Privat foto Kew gardens, London 2011, Bjarne Thune.)
Rot av purpurjams, brukt til både mat og medisin. (Foto frå Wikimedia commons.)
Rot av purpurjams, brukt til både mat og medisin. (Foto frå Wikimedia commons.)

Litteratur

  • Dioskorides, Pedanius; Der Wiener Dioskurides: Codex medicus Graecus 1 u 2, Akademische Druck-u Verlagsanstalt, Graz 1998 u 1999. ISBN: 3-201-001699 u 3-201-01725-6.
  • McVicar, Jekka: Jekka’s Complete Herb Book, Kyle Cathie Ltd. In association with the RHS, London, 2009. ISBN: 978-1-85626-780-9.
  • Foster, Steven & Johnsen, Rebecca L.; Desk Reference to Nature’s Medicine, The National Geographic Society, Washington, 2008. ISBN: 0-7922-3666-1.
  • Goodyear, John; De Materia Medica, translated into English from an early printed version, England 1655. http://www.docstoc.com/docs/76845260/THE- GREEK-HERBAL-OF-DIOSCORIDES- %28DOC%29
  • Osbaldeston, Tess Anne; De materia medica, translated into English, Johannesburg, South Africa, 2000. http://www.ibidispress.scriptmania.com/box_widget. html
  • Kiilerich, Bente; The Image of Anicia Juliana in the Vienna Dioscurides: Flattery or Appropriation of Imperial Imagery. Symbolae Osloenses 76, 2001, s.
  • http://kunsthistorie.com/fagwiki/Der_Wiener_ Dioskurides

Namnet Dioskorides har ingen konsekvent skrivemåte.

Vi kan sjå både Dioscorides og Dioskorides, Dioscurides og Dioskurides, og desse skilnadene dukkar opp i diverse språk.

Eg har prøvd å halda meg til det fleirtalet tykkjest å bruka på høvesvis norsk, engelsk og tysk.

P.S.
Dioskorides er gjennom tidene vorte ærefullt oppkalla mange gonger. Mellom anna er  plantefamilien Dioscoreaceae, yamsfamilien, frå tropiske og subtropiske strok oppkalla etter  han. Yams vert nytta til både mat og medisin, i god tradisjon etter Dioskorides,men det er ei heilt anna historie!

userscrossmenu