
St. Jørgens Hospital, Bymuseet i Bergen
Denne artikkelen er republisert fra Cygnus nr 22, 2015.
Av Bjarne Thune, leiar av urtehagens dugnadsgjeng*
*Apotekareksamen i 1972. Provisor og informasjonsfarmasøyt ved Svaneapoteket i Bergen 1972–1977. Styrar ved Askøy filialapotek 1977–1982. Innehavar av Askøy apotek 1982–2002. Driftskonsesjonær ved Alliance Apotek Askøy 2002–2008. Adr.: Nubbebakken 14, 5022 Bergen.
Urtehagen vart etablert i 1993. Det var Bergen kommunes fritidsavdeling som stod for dette med bidrag frå Det Nyttige Selskab og Sparebanken Vest. Preses i Det Nyttige Selskab var då Anders Kvam, som òg var direktør for Fritidsseksjonen i Bergen.
Botanikarane Dagfinn Moe og Per Magnus Jørgensen stod for utvalet av planter til urtehagen. Også den velkjende Knut Fægri var involvert, og det vert fortalt at han spanderte sylta kvann i samband med opninga 26. september 1993.
Haldepunkt for kva urter som vart brukte i leprabehandlinga finst i fleire eldre legebøker. Særleg utførleg vart emnet handsama i det store bokverket frå 1847 «Om Spedalskhed» av Daniel C. Danielssen, som frå 1839 arbeidde som lege ved St. Jørgens Hospital, og C. W. Boeck, lektor i medisin ved Universitetet i Kristiania.

Den aktuelle behandlinga av leprapasientar var då kurar for å oppnå auka sveitting, reinsing av fordøyingssystemet med avføringsmiddel, strenge diettar, årelating og overflatebehandling av verkjande byllar og sår, dessutan ofte febernedsetjande middel. Mange medisinske urter inngjekk i medikamenta som vart brukte for å oppnå ynskte resultat, og i den tilrådde dietten var det mykje friske grønsaker og rotfrukter.
Til utvortes bruk kunne det vera aktuelt med milde salvar med uttrekk av kattost og stokkrose. For å fjerna byllar vart det gjerne brukt skarpe og etsande middel, salvar baserte på rå plantesaft frå løk, representantar for soleiefamilien, sverdlilje, peparrot og sennepsplanter.
På planteplanen utarbeidd for St. Jørgens Hospitals urtehage står ei lang rekkje vekstar, nokre velkjende, andre meir sjeldne, nokre til mat, andre til medisin og nokre til begge deler:
abrodd, apotekarkattost, apotekarrose, asparges, bjørnerot, blodtopp, daglilje, dill, duppesoleie, estragon, finnmarkspors, fjellflokk, grasløk, groblad, hjelm, isop, jordskokk, kjerringrokk, knoppurt, kvann, lavendel, legestokkrose, legeveronika, lungeurt, løvehale, malurt, marikåpe, meisterrot, mynter, nyserot, oregano, peparrot, persille, pipeløk, purpursolhatt, purre, ringblomst, rosenrot, salvie, sitronmelisse, spansk kjørvel, Stolt Henrik-melde, sverdlilje, såpeurt, takløk, tidlaus, tobakk, toppløk/luftløk, rabarbra, ryllik, valurt og åkermåne.


Det som tydelegvis ikkje var tenkt så mykje på ved etableringa av urtehagen i 1993 var vedlikehaldet av anlegget.
Etter få år byrja sjølvsagt forfallet, og hagen vart på ein måte «gjenoppdaga» av Tor Kristiansen, journalist i Bergens Tidende. Han siterte Anders Kvam der han ynskte at nokon kunne ta ansvar for istandsetjing og vedlikehald av hagen.
Hageselskapet Hordaland ved sin dåverande leiar Anne Tafjord-Kirkebø tok utfordringa, og frå 2004 er det Hageselskapet som held urtehagen i presentabel stand, ei svært gjevande og interessant oppgåve.

Arbeidet vert utført av ein dugnadsgjeng som for tida består av ca. 35 personar. Gjennom året vert det utført 5–6 dugnader. Dugnadsgjengen vert innkalla ved behov, og på kvar dugnad brukar i gjennomsnitt 10 personar å delta. Dei fleste av desse er nok medlemmer av Hageselskapet, men det er ikkje sett som noko krav for å delta.
Informasjonstekstar om urtene hadde mange etterlyst opp gjennom åra, og til sesongen 2012 vart det produsert eit hefte med enkle tekstar om og med klassiske illustrasjonar av ein stor del av plantene i hagen. Dette er vorte svært populært og kjem i stadig nye opplag.

