Norsk-Farmasihistorisk-selskap-logo
Norsk Farmasihistorisk Selskap
Meny
Bli medlem
Publisert her:
03/04-2026
Se flere artikler

Apoteket i helsetjenesten – tilbakeblikk på eit utvalsarbeid


Denne artikkelen er republisert fra Cygnus nr 17, 2010.
Av Herdis Holvik


Ved starten av 1970-åra stod apotekdrifta på mange måtar ved eit vegskilje. Produksjonen av lækjemiddel på apotek var under avvikling. Det norske helsevesenet var under omforming og utbygging, m.a. var ny lov om sjukehus vedteken i 1969. Noreg søkte medlemskap i EU, eller EF som det heitte den gong, noko som ville medføre nytt regelverk for drifta av apotekvesenet. I våre granneland Sverige, Finland og Danmark var utgreiingsarbeid i gang eller ferdigstilt med sikte på omorganisering og modernisering av apotekdrifta. Kort sagt: Ei ny tid var i emning som kravde nytenking og tilpassing også innan apotekvesenet.

Dette var bakgrunnen for at Norges Farmaceutiske Foreining (NFF) i 1970/71 sette ned eit utval med mandat til å komme med forslag til ei målsetting for apotekvesenet. Utvalet skulle vidare uttale seg om i kva grad denne målsettinga var oppfylt, og kva endringar som eventuelt måtte gjerast. Resultatet av dette arbeidet vart innstillinga «Apoteket i helsetjenesten» som med visse endringar vart vedteken av NFF sitt landsstyre hausten 1972.

Utvalet fekk seks medlemer, fem farmasøytiske kandidatar og underteikna som einsleg svale frå reseptargruppa. Eg trur ikkje eg fornærmar nokon når eg vågar den påstand at den sentrale leiinga i NFF den gong var oslodominert, kandidatdominert og mannsdominert, og bestod av langt fleire med arbeidsplass utanfor vanlege apotek enn medlemsmassen skulle tilseie. Det var nok lagt ekstra vekt på at dette utvalet skulle vere representativt både fagleg og geografisk. I utvalet var vi tre som arbeidde i det ein kan kalle normalapotek, ingen av oss med adresse Oslo eller næraste omegn. Mannsdominansen var derimot godt ivareteken med fire mannlege medlemmer. Det kunne for så vidt vere grunn til å rekne seg som representant for fleire underrepresenterte grupper.

apoteket i helsetjenesten maga

I ettertid ser eg at eg tok lett på å representere ei heil yrkesgruppe i eit slikt arbeid. Det hadde nok mellom anna samanheng med måten reseptarutdanninga den gong var organisert. To års elevtid på apotek og eit års intensiv teoretisk opplæring la ikkje rare grunnlaget for ein eigen yrkesidentitet. Det skal likevel seiast at undervisningspersonalet ved Reseptarskolen, og særleg Oddbjørn Solli, gjorde så godt dei kunne på dette området. Min referansebakgrunn var i fyrste rekke apotekarbeidet, og eg meinte det var viktig at apoteket framleis skulle vere eit kjerneområde for farmasøytisk arbeid.

Tilhøvet mellom dei ulike yrkesgruppene i apotek var ikkje noko heitt tema i utvalet. Med eit visst atterhald for kva krav som ville fylgje av eit eventuelt medlemskap i EF, vart det teke som gitt at begge dei farmasøytiske utdanningsgruppene ville ha sin plass i apotekarbeidet også i framtida. Det var snarare tale om å gi apotekarbeidet eit innhald som kunne stanse «flukten frå signaturklistringa» blant farmasøytiske kandidater.

Fokuset var i langt større grad på det ein kan kalle konflikten mellom «børs og katedral», eller med andre ord å ta i vare profesjonsinteresser og fagleg standard i høve til aukande marknadsstyring av apotekdrifta. Utvalet sitt framlegg til løysing på dette dilemmaet var å sikte apotekdrifta inn mot ei langt sterkare integrering i helsevesenet. Denne utviklinga var alt i gang i institusjonshelsetenesta gjennom framveksten av sjukehusfarmasien. Etter utvalet si oppfatning ville det vere ei naturleg følgje at også apoteka kom under offentleg eigarskap. Etter gjensyn med utvalet si innstilling etter 35 år, meiner eg framleis at det vart gitt gode faglege grunnar for dette.

Det var langt frå alle som tykte statleg drift var nokon god idé. Særleg Apotekerforeningen (NAF) vart provosert av dette framlegget, men også innan eigne rekker i NFF var motstanden betydeleg. Den lange vegen fram mot liberaliseringa av apotekdrifta, vart ikkje min veg. Den er det andre som har gått – og har fortalt om. Etter at utvalsarbeidet var avslutta, venta eit anonymt tilvære som reseptar i apotek, flytting tilbake til landsbygda og etter kvart ny utdanning og yrkesliv innan eit heilt anna fagfelt.

Ved eit av livets merkelege samantreff vart sirkelen slutta, og eg er no ved slutten av yrkeslivet tilbake som deltidsarbeidar i apotek. Mykje er forandra, ein del er som før. Datarevolusjonen har nok endra apotekarbeidet meir enn eigarforma. Kjededrift, som no er det vanlege, gjer det mogeleg å gjennomføre ei standardisering på mange område som var utenkeleg med personlege eigde apotek. Men frå min synsstad er det nokså trist at kundane må krongle seg fram til reseptmottaket mellom all verdens tilbodsvarer og meir eller mindre markskrikersk promotering av handelsvarer med god avanse. Apotek bør vurderast etter ein annan skala enn kven som har dei beste tilbod på hudpleiepreparat.

userscrossmenu