Denne artikkelen er republisert fra Cygnus nr 25, 2018.
Av Nina Aldin Thune* og Bjarne G. Thune**
* Nina Aldin Thune (f. 1952) kunsthistoriker, farmasihistoriker. Apotektekniker Svaneapoteket i Bergen. Cand.mag. UIB kunsthistorie, kulturvern og kulturformidling, sosiologi. Cand. philol. UIO (Fra hellig hall til supermarked, apoteket i det 19. og 20. århundre). Faglig ansvarlig «Extractum 400 år med apotek». Medlem Det internasjonale farmasihistoriske akademi. Startet kunsthistorie.com og farmasihistorie.com http://kunsthistorie.com/fagwiki/Bruker:Nina
** Bjarne G. Thune (f.1946). Cand. pharm. Svaneapoteket i Bergen, Askøy apotek/Alliance apotek Askøy. Medansvar Extractum 1995. Farmasihistoriske kongressar (ISHP)/ foredrag sidan 1997. Ansvar Lepramuseets urtehage. Medl. Farmasihistorisk gruppe, Bergen Bymuseum. Styreleiar Medisinsk-Historisk Selskap Bergen. Medansvar Farmasihistorie.com. Underviser farmasihistorie i Bergen.
Her i landet har vi tre apotekinteriør som vart freda av Riksantikvaren medan det var full apotekdrift i lokala: Svaneapoteket i Oslo, Svaneapoteket i Ålesund og Apoteket Bien i Bergen. Tanken og håpet til Riksantikvaren var at dei skulle bli tekne vare på gjennom bruk.
Om vi søkjer på apotek på Riksantikvarens Kulturminnesøk, finn vi mange bygningar som alt er freda eller som er tenkt freda, men i dei aller fleste fall gjeld dette bygningar der det ein eller annan gong i historia har vore apotekdrift i lokala, ikkje levande apotekverksemder.
Svaneapoteket i Oslo
Svaneapoteket – Karl Johans gate 13
Lagt inn av: Riksantikvaren, Hovudkontor
Kulturminne ID: 86169
Vernestatus: Vedtaksfreda
Vernedato: 1983–01–26
Riksantikvarens grunngjeving for fredingsvedtaket:
«Svaneapoteket i Oslo ble bygget i 1895-96 etter tegninger av Ove Ekman. Apoteket hadde et særdeles rikt og vakkert utformet butikkinteriør, med blant annet glasstak laget av dekorasjonsmaler Wilhelm von Krogh. Apotekutsalget er et av de best bevarte av noen ganske få intakte butikkinteriører fra slutten av 1800-tallet.»
Oslos, eller rettare, Christianias første apotek, vart oppretta i 1628. Apoteket flytta fleire gonger etter etableringa i 1628, sist i 1896, då det fekk sin sentrale plass i hovudgata, Karl Johans gate 13.
Oppdragsgjevar for arkitekten var apotekar Wilhelm Frederich Waldemar Eckell (1823– 1897), som diverre gjekk bort før han fekk sjå apoteket ferdig. Arkitekten som fekk ansvar for heile bygget var Ove Laurentius Ekman (1847–1921), og i Norsk biografisk leksikon skriv Åse Moe Torvanger om han:
Ove Ekmans styrke som arkitekt synes å ha vært hans økonomiske, praktiske og tekniske evner. En utstrakt bruk av jernbjelker i konstruksjonene gav muligheter for å tilfredsstille tidens krav til store vindusflater og åpne planløsninger. Avansert teknisk utstyr gjorde det mulig å få elektrisk lys fra eget aggregat, heis og sentralvarme. Eksempler fra Kristiania er forretningsgården Kongens gt. 33 (Karl Johans gate 16b) fra 1890 og Christiania Glasmagasin 1898–99. Det ble dessuten lagt stor vekt på høy kvalitet i materialer og den håndverksmessige utførelse, også i interiør som Svaneapotekets ekspedisjonslokaler fra 1896 i Karl Johans gate (fredet 1983) og City Bakeri og Conditori i Tollbugata fra 1896 (arkitekturvernprisen for sitt interiør 1986).
I det sistnemnde lokalet har Pascal konditori halde hus sidan 1995. (Kommentar v/B.Thune.)
Materiala i innreiinga er mahogni og lønnetre med søyleskaft av marmor. Golv og tak er sjølvstendige arkitektoniske element.Taket er laga av måla glas utført av dekorasjons- og teatermålar Wilhelm von Krogh (1829– 1913), dette er det store blikkfanget i lokalet, noko som òg får rommet til å verka luftigare. Dei to dominerande motiva i glastaket er bilda av Asklepios og Hygiea, far og dotter i gresk mytologi, og logisk nok, sidan faren var gud for medisin og lækjedom og dottera gudinne for helse, reinleik og hygiene.
I taket finn vi òg bilde av viktige medisinplanter. Dei er plasserte mellom Asklepios og Hygiea. Sjølv om dei er lett stiliserte, kjenner vi utan vanske att dei seks plantene: belladonnaurt, bulmeurt, kongslys, piggeple, revebjølle og opiumsvalmue. Alle desse er medisinplanter med ein sterk dokumentert verknad, og mange av innhaldsstoffa er aktuelle legemiddel også i våre dagar.
Vi finn òg dekorasjonselement som viser apoteket, representert ved svana, mellom legevitskapen, symbolisert av Asklepios-staven på gresk eller Aeskulap-staven på latin, og handelen, symbolisert av Hermes-staven på gresk eller Merkur-staven på latin. Det nyklassiske interiøret vart freda av riksantikvaren i 1983. Fram til 31. desember 2013 var det apotekdrift i lokala. Det var inntil då Oslos eldste levande verksemd.
Velkjende og mangeårige eigarar av Svaneapoteket i Oslo var ekteparet Ragnar (1906–2002) og Unni Mørk (1919–2012). Dei visste svært godt at apoteket var ein sjeldan skatt og tok samvitsfullt vare på det. Ragnar var apotekar der frå 1959 til oppnådd pensjonsalder i 1976. Då tok Unni over og var innehavar fram til ho pensjonerte seg i 1989. Saman brukte dei mykje tid og krefter og ikkje minst pengar på respektfullt å pussa opp det praktfulle interiøret.
Yngve Torud vart apotekar der frå 1989, og etter eiga utsegn dreiv han det fram til 2008 utan forteneste. Apoteket vart då selt til Apokjeden som diverre òg måtte konkludera med at det vart eit tapsprosjekt, sjølv om mange historisk interesserte frå både inn- og utland valfarta til «eit av Europas vakraste butikklokale» som det har vore skildra som. Diverre var dei ikkje like ivrige til å handla som dei var til å fotografera. Det var apotekdrift i lokala fram til 31. desember 2013. Då vart apoteket nedlagt.
I mai 2014 opna så Enoteca Svanen, ein vin- og kaffibar, som òg serverte enkle lunsjrettar i Svaneapotekets lokale. I sommarsesongen dreiv dei også ute-servering på Karl Johan- sida. Lokala var forsiktig tilpassa den nye funksjonen innanfor Riksantikvarens klåre grenser.Yngve Torud hevda sjølv å vera ein av dei mest trufaste gjestane på Enoteca Svanen. Enoteca Svanen flytta ut 31. mars 2017, og etter det har lokala for det meste stått tome. Byantikvar i Oslo, Janne Wilberg, har fortalt at ein av kaffikjedene vurderte lokala, men slo det frå seg. I skrivande stund, sommaren 2018, er det mykje som tydar på at bygget skifter eigar, dermed er det svært usikkert kven som kjem til å nytta lokale i framtida. Men det viktige er at dei freda apoteklokala vert handsama med all den respekt og varsemd dei fortener og som lovgjevinga gjev dei krav på.
Svaneapoteket i Ålesund
Svaneapoteket / Jugendstilsenteret
Lagt inn av: Riksantikvaren, Hovudkontor
Kulturminne ID: 87319
Vernestatus: Vedtaksfreda
Vernedato: 1985–03–07
Riksantikvarens grunngjeving for fredingsvedtaket:
«Bygard i 2 1/2 etg. + kjellar. Bygd i U-form, og dannar ein liten bakgard mot naboeigedomen. Jugendhus med utvendig overflate i granitt. Karakteristisk tårn over hovudinngangen mot Apotekergata. Ås/sperretak med lappsteinskifer. Bygget var oppført rett etter bybrannen, mellom 1905–07.»
Aalesund Apotek vart skipa i 1818 som filial til Molde Apotek. I 1824 fekk apotekar P. J. Øwre løyve frå departementet til sjølvstendig apotekdrift. Apoteket var i Øwre-familien si eige fram til 1956.
Apoteket strauk diverre med i katastrofebrannen 23. januar 1904, saman med nær 850 andre bygningar. Berre kring 230 hus overlevde brannen, og nær 10.000 menneske vart husville.
Apoteket vart attreist etter Ålesundsbrannen og opna dørene sine i 1907 som ein perfekt representant for såkalla Ålesunds-jugend.
Arkitekt var Hagbarth Martin Schytte-Berg (1860–1944). Oppdraget hans var todelt. Den nordlege delen med adresse Kirkegt. 1, var bestemt til utleige av butikklokale og husvære. Den sørlege og største parten, med adresse Apotekergt. 16, skulle fungere som apotekutsal, lager for apotekvarer og arbeidsplass for tilsette på apoteket. Dessutan skulle denne bygningsdelen ha husvære for byggherren og hans familie.
I Biografisk leksikon skriv Roy Åge Håpnes mellom anna:
«Bybrannen i Ålesund 1904 førte på nytt Schytte-Berg på reisefot. Dette ble starten på en femårig praksis i byen, hvor han ble en av de sentrale arkitektene i gjenoppbyggingen. Her tegnet han hovedsakelig forretnings- og leiegårder og villaer. Det fredede Svaneapoteket var blant hans viktigste arbeider her, et tidlig eksempel på bruk av norsk granitt i bolighus. Interiør og deler av det opprinnelige møblementet var også utført etter hans egne tegninger. Fra 2002 har det gamle apoteket huset det nasjonale Jugendstilsenteret. Enkefru Devolds villa i samme by ble fredet 2003. Selv vurderte Schytte-Berg flere av bygningene her som noen av sine beste arbeider.
Schytte-Bergs arbeider viser et svært godt øye for detaljer. Bygningene er solide og gjerne enkle, men likevel svært karakterfulle. Hans forenklinger av eksteriørene var et viktig steg vekk fra 1800-tallets arkitektur med mye ytre dekor. Han var tidlig opptatt av å skape en ny, nasjonal byggestil med inspirasjon fra middelalderen. Dette gjorde han ved å kombinere en nøktern modernistisk byggestil med arkitektoniske elementer fra eldre tider. Slik skapte Schytte-Berg en rekke funksjonelle bygninger med symbolske og nasjonale særpreg.»
Ikonografien i bygningen er inspirert av romansk arkitektur og stavkyrkjene. Bygningen har tårn, gavlar og karnapp. Det er brukt slyngornamentikk frå Urnesportalen og eit uglemotiv.
Heile bygningen, inkludert interiøret og delar av husværet til eigaren vart freda i 1984. Sjølve apotekverksemda flytta til eit moderne bygg hausten 2001 og vert driven under namnet Vitusapotek Svanen, Ålesund.
\Det gamle interiøret vart restaurert og nyare detaljar førde attende til det opphavlege frå 1907. I 2003 opna Jugendstilsenteret i det gamle, freda apotekinteriøret.
Senteret er eit spesialmuseum og nasjonalt kompetansesenter for jugendstilen. Oppbygginga etter by-brannen i 1904 skapte eit av Europas mest karakteristiske bygningsmiljø i jugendstil. Senteret gjev eit innblikk i stilarten gjennom autentiske interiør og gjenstandar, samt skiftande utstillingar. Ved senteret vert det også drive med dokumentasjon, formidling og rådgjeving.
Apoteket Bien, Bergen
Lagt inn av: Riksantikvaren, Hovudkontor
Kulturminne ID: 87120
Vernestatus: Vedtaksfreda
Vernedato: 1993–04–02
Riksantikvarens grunngjeving for fredingsvedtaket:
«Apoteket Bien utgjør et meget karakteristisk eksempel på et funksjonalistisk butikkinteriør. Sarmmenstillingen av rette og buede linjer og bruk av geometriske former er typisk for funksjonalismens formspråk. Dette kommer tydelig frem i såvel fasaden som planløsningen og enkelt elementene i apoteket. Materialvalget, med bruk av stålrør og kontrast mellom treverk og sorte flater er også karakteristisk for perioden.
Fredningen omfatter apotekets offisin (ekspedisjonslokale) med fast inventar og fasade mot gaten. Fredningen omfatter også sittegruppe for publikum med sofa, bord og to stoler.»
Apoteket vart oppretta som Solheimsviken apotek i 1913. I 1939 vart det flytta, fekk det nye namnet sitt, Apoteket Bien, Bergen og fullstendig nytt interiør. Oppdragsgjevar var apotekar Birger Olsen, innehavar i tidsrommet 1931–1945.
Arkitektar for det nye apotekinteriøret var to-spannet Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø. I Norsk kunstnerleksikon skriv Åse Moe Torvanger mellom anna:
«Arnesen og Darre Kaarbø var blant de arkitekter som fikk de fleste og største byggeoppgavene i Bergen i tidsrommet 1910–40. De har oppført en rekke fremtredende forretningsgårder og hoteller i byens sentrum, dessuten boligkomplekser for Bergen kommune og villaer/småhus i byens utkant. Også andre steder i Norge har de hatt byggeoppgaver, som f.eks. i Svolvær og Harstad. En av årsakene til at nettopp disse arkitekter fikk mange oppdrag, var at de hadde evnen til å utforme gode og praktiske planløsninger. Deres materialbehandling og detaljutforming er meget karakteristisk for de forskjellige stilepoker frem til den annen verdenskrig.»
Interiøret er prega av rette linjer og halvsirklar, typiske stiltrekk frå funksjonalismen.
Apoteket har ein T-forma grunnplan, og interiøret pregast av ein konkav, halvsirkelforma skranke.Treverket er flammebjørk, forsterka med eikelister der det var nødvendig, og med svart linoleum på skranke og arbeidsbenker. Beslag, veskehyller og deler av listverk er i forkromma stål. Belysninga består delvis av sirkelforma rør i himlingen og vertikalstilte neon-rør innbygde i innreiinga. Venterommet, som ligg til venstre for inngangspartiet består av ein sofa, to lenestolar og eit rundt bord. Apoteket Bien har også ein del pussige små detaljar som for eksempel døra til giftskapet.
Apoteket var til det flytta landets einaste fullstendig bevarte apotekanlegg i funksjonalisme. Det vart restaurert med stor respekt og varsemd av apotekar Dag Resser i 1987 som mellom anna nytta arkitektkontoret ARCH UNO AS.
I 1993 vart apoteket Bien vedtaksfreda av Riksantikvaren. Fredinga omfattar fasade mot gata, offisinet (ekspedisjonslokalet) med fast inventar, inkludert sitjegruppa for publikum med sofa, bord og to stolar. I 2001 stengde gamle Bien apotek i Bergen dørene.
Sjølve apotekdrifta vart flytta attende til Solheimsviken under namnet Ditt Apotek Bien Bergen. 14 år seinare, i mars 2015, flytta apoteket atter ein gong i same området og opna att under namnet Vitusapotek Bien Bergen.
Da apotekdrifta flytta ut, stod lokalet lenge tomt, og det vart gjort forsøk på å få anna verksemd inn i lokala. Men då interiøret vart flytta på og ein vegg riven, reagerte tidlegare tilsette sterkt. Eigarane av bygningen vart melde for brot på kulturminnelova. Eigarane var Apotekarforeningens eige selskap, «NAF- gårdene AS», som hadde søkt om å få oppheva fredinga, men fått avslag.
Gard Haugland, Petter Lidal og Erik Bruun vart samde om å starta A/S Bien i januar 2006 etter å ha inngått leigekontrakt med «NAF-gårdene AS» for lokala til Apoteket Bien. Dei hadde ei felles interesse for verneverdig arkitektur og er medlemmer i Fortidsminneforeningen. Ynsket var at ein også i Bergen skal kunne ta vare på kjende funksjonalistiske bygg slik privatpersoner i Oslo dei siste åra har gjort. Der har det mellom anna ført til ny bruk av Ekeberg- restauranten og Hvalstrand Bad. Dei starta derfor ein bydelskafé med brei appell, for at folk i området og i Bergen by generelt kan få ta del i lokala sin historiske verdi og estetikk store deler av døgnet. Kafeen vart innreidd i tråd med lokala sitt uttrykk og i stil med eksisterande interiør.
I januar 2006 opna Bien Bar i dei gamle apoteklokala. Gjennom åra er Bien Bar vorten vidkjend for sin gode mat og er i dag ein svært populær serveringsstad, særleg for eit yngre publikum. Bien er i dag forfremma til Bar og Restaurant, og matmeldarane i Bergens-pressa omtalar Bien med entusiasme og begeistring.
Svaneapoteket i Bergen er landets første og eldste apotek , med offisiell status frå 1595. Dagens lokale opna i 1921 etter den store Bergens-brannen i 1916 som øydela 380 bygningar og gjorde 2700 personar huslause. Eitt av dei finaste husa som gjekk tapt i brannen var det gamle Svaneapoteket. Det var etter alt å døma reist etter brannen i 1756, og fiolinisten Ole Bull var fødd i huset i 1810.
Det var arkitektane Arnesen og Darre- Kaarbø som fekk oppgåva med å teikna Svaneapotekets nye bygning.
Den nye bygningen som vart reist var den første i brannstrøket. Apotekar Johan Lothe sat i juryen for den store reguleringskonkurransen. Han var representant for grunneigarane og ville nok bidra til å få planane realisert. Han valde dei før omtalte Fredrik Arnesen og Arthur Darre-Kaarbø som arkitektar.
Arkitektane hadde ein intensjon om å bruka motiv frå den gamle Bergens-arkitekturen. Gavlen på bygget minner om den som opphavleg hadde vore på den gamle trebygningen. Portalen er òg ein kopi av den gamle treportalen, og svana skal være støypt av metallrester frå branntomten etter det gamle apoteket. Bygget har fått ein sentral plass som fond i gata, og grunnplanen er heilt ny og spesiell. Men likevel kan ein sjå store likskapar mellom det gamle og det nye apoteket. Interiøret frå 1921 var dominert av dei varme fargane til edle og til dels eksotiske treslag som mahogni og lønnetre, men med norske steinfliser på golvet.
Svaneapotekets klassiske mahogni-interiør vart ikkje funne fredingsverdig på grunn av visse endringar på 1960- og 1990-talet. Dei utførte endringane var gjorde for å tilpassa apoteket til nye konsept som sjølvval og direkte-reseptur. Dei gamle originalteikningane var brukte som grunnlag for ny innreiing, og om ikkje alt nytt treverk var edel mahogni, så hadde det iallfall rette fargen.
Apoteket hadde i stor grad gjennom åra halde på stilen, men òg sitt gode rykte, og vart sett på av byens borgarar som «hovedapoteket».
I 2001, etter at vi fekk ny apoteklov, vert det selt til Apokjeden og fekk sitt nye namn: Apotek 1 Svanen Bergen.
På seinhausten 2014 vart interiøret totalt endra. Gjennom ein veldig kort periode vart apoteket totalt ombygd for å passa inn i det såkalla «kjedekonseptet». Det virka som om mottoet var: Ut med mahognien, inn med plasten!
I Bergens Tidende stod det å lesa, 7. oktober 2014:
«Reddet klenodium fra Svaneapoteket Siden 1921 har det ærverdige «orgelet» prydet Svane- apoteket. Nå skal tradisjonsinventaret bort, men ildsjeler har sørget for at seksjonen blir i Bergen.
– For generasjoner av bergensere er dette ensbetydende med Svaneapoteket, sier Britt Nagelgaard i Farmasihistorisk gruppe.
Mandag denne uken startet ombyggingen av det tradisjonsrike lokalet i Strandgaten. Det gamle inventaret med solide hyller, skranker og skap i tre skal bort. Nå blir Svaneapoteket moderne og tilpasset dagens krav til et godt arbeidsmiljø for de ansatte.»
Dei tilsette var i stor sorg, men kunne lite gjera. Dei hadde då fått eit apotek «tilpasset dagens krav til et godt arbeidsmiljø for de ansatte»! Bergensarane var i sjokk då dei oppdaga kva som hadde hendt med deira kjære gamle perle av eit apotek. Dei kunne berre med litt velvilje kjenna att steingolvet.
Eit freda interiør betyr:
Interiøret skal stå uendra i all framtid, eller så lenge det har denne statusen. Aktiviteten som går for seg i dette interiøret er ikkje freda.Det fylgjer ikkje automatisk pengar med eit fredingsvedtak.
Om eit verdifullt interiør ikkje er freda, er det fullstendig opp til eigaren å ta vare på det – eller å køyra det på dungen. Vi, publikum, kan berre observera, la oss sjokkera, tenkja, protestera, varsla pressa, skrika høgt, prøva vekkja opinionen – og så sørgja, når det vi frykta aller mest blir gjennomført, uansett.
Min enkle lærdom er:
Lit aldri på at ein apotekkjede skal ta vare på noko som helst av historisk verdi. Det vil seia, så lenge det ikkje fylgjer pengar med ein historisk og ærefull status. Ein apotekkjede er berre interessert når pengar og helst store pengesummar er involvert.
Korleis er stoda i vårt næraste granneland, Sverige?
Sverige har fem apotekinteriør som er freda eller «listade» medan det er full apotekdrift i lokala. Desse er apoteka Korpen, Storken og Ugglan i Stockholm, Lejonet i Malmö og Svanen i Lund. Av desse er det ny-gotiske lokalet til Apoteket Storken rekna som det mest bevaringsverdige av det svenske Riksantikvarieämbetet. Det ligg på Östermalm i Stockholm og eit besøk er absolutt på sin plass om ein er på dei kantar.
Björn Lindeke uttalar:
«Beträffande de svenska kulturapoteken så ägs alla i dag av Apoteket AB. Inför privatiseringen av våra apotek, förhandlade Apoteket AB och Apotekarsocieteten med Staten, och vi kunde genom en överenskommelse säkerställa att dessa apotek skulle bli kvar i det gamla bolaget, och så har det förblivit än så länge. Alla de apotek som ni nämner är således bevarade som kulturapotek och är i drift. Sedan finns det ytterligare ett apotek i Vadstena, där läget är något oklart. Lokalerna hos de övriga apotekskedjorna utgörs vad jag vet inte i något fall av bevarade kulturhistoriskt värdefulla apoteksmiljöer.»
Bjørn Lindeke er professor emeritus i legemiddelkjemi og har undervist ved universitetet i Uppsala, men har òg arbeidd innan svensk legemiddelindustri. Han har vore direktør for Apotekarsocieteten og har gjennom eit langt yrkesliv vist særleg sterkt engasjement for farmasihistorie.
Med andre ord . . .
I Sverige har dei funne opp uttrykket «Kulturapotek». Desse gamle praktstykka er framleis i drift som apotek i vårt granneland. Lat oss valfarta til Sverige medan situasjonen er som han er, og før dei internasjonale kjedene får sleppa skikkeleg til der òg! Apoteket AB er nemleg statseigd!
Det er lett å forstå mellom linjene at Björn er litt ottefull for framtida med tanke på kva som har hendt her hjå oss!
I vårt land har vi tre apotekinteriør som vart freda av Riksantikvaren medan det var full apotekdrift i lokala. Desse er Svaneapoteket i Oslo, med interiør frå 1895–96, freda i 1983, Svaneapoteket i Ålesund, frå 1907, freda i 1985 og apoteket Bien i Bergen, frå 1939, freda i 1993. Diverre er det ikkje lenger apotekdrift i nokon av dei tre anlegga.
Når det gjeld Svaneapoteket i Oslo er situasjonen noko uklår i skrivande stund. Bygningen i Karl Johans gate 13 kan skifta eigar, og kva som kjem inn i første etasje er mykje avhengig av den nye eigaren. Forsikringa om at Byantikvaren i Oslo fylgjer nøye med på utviklinga gjer oss litt rolegare. Svaneapoteket i Ålesund vart opna som det nye Jugendstilsenteret i 2003, og dagens situasjon verkar stabil og sikker. Apoteket Bien i Bergen har frå 2006 vorte kjent som Bien Bar og er ein populær møtestad der det blir servert kulinariske måltid og ditto drikke i det gamle apotekinteriøret. Dagens situasjon verkar etablert og trygg.
Kanskje ville situasjonen vore ein annan for historiske apotekinteriør i vårt land om eigarskapen var som i Sverige. I Sverige har dei til og med funne opp omgrepet «kulturapotek». Kunne og ville den norske stat ha subsidiert drifta av tre norske kulturapotek? I Sverige har dei fem slike kulturapotek, tre i Stockholm, eitt i Malmö og eitt i Lund.
Sjølvsagt kan situasjonen endra seg også i Sverige. Det går nok med ein del kroner av det svenske statsbudsjettet til å ta vare på desse gamle «smykkeskrina» som levande apotek, men det ser dei seg altså råd til – iallfall inntil vidare.
Lat oss nyta stemninga i Jugendstilsenteret i Ålesund og både mat, drikke og interiør i Bien Bar og Restaurant. Lat oss òg med spenning fylgja med kva som skjer i Oslo, i Karl Johans gate 13.
Som turistar og apotekkundar i Stockholm, Malmö eller Lund blir vi ståande som fjetra når vi finn levande apotek i heilt usannsynlege, historiske interiør som minner oss om alt vi her i landet har slengt på dungen, men òg på det vi trass alt har tatt vare på, men som i dag anten har status som museum eller har fått heilt andre funksjonar enn apotekdrift.